No må det vel snart vera slutt med alt maset om digitalisering og innovasjon i norsk skule. Det er på tide å utvikla gagns menneske igjen.
Denne veka har eg vore på SETT-konferansen, ei samling om innovasjon og teknologi i skule og barnehage. Tanken var sikkert å inspirera til auka bruk av IKT, men sant å seie verka det nesten motsett for min del. Eg har gått litt lei. Lei av flotte formuleringar om innovativ eller adaptiv programvare som vert oppdatert i sanntid i ei eller anna sky. Lei av peset om å alltid, i alle samanhengar bruka noko fancy og webbasert dilldall som eigentleg ikkje fører til meir læring, men berre er digitalt og dermed heilagt.
Digital innvandring gir digital avgudsdyrking
I mine auge verkar det som om det er særleg ei gruppe menneske som skil seg ut i digital-dyrkinga. Og det er ikkje ungdommen. Eg har ikkje statistikk på dette, men eg vil tru at det var svært få deltakarar under 30 år på SETT. Litt rart, eigentleg, for ein skulle jo tru at dei unge lærarane skulle vera mest interesserte i dette her. I staden er det menn og kvinner på 40+ som går igjen. Dei er menneske som enno hugsar den analoge tidsalderen og som dermed synest at alt digitalt er aldeles magisk og fantastisk. Difor heng både tunge og sikkel ut av munnen deira berre du nevner uttrykk som «samarbeid i skya» eller «digital ringperm».
No er eg på sett og vis glad for det, for dette er dei same godt vaksne menneska som no er rektorar og skulesjefar, og som dermed har ein del dei skulle ha sagt når budsjetta skal leggjast. Det er nemleg viktig med teknologi i skulen, at ungane får ta på og kjenna på kvar sine dingsar og at 1:1 vert prioritert frå statleg hald. Men når eg her er litt kritisk til digital-dyrkinga, handlar det om at millionar av kroner vert brukt på digitale våseprogram som er utdaterte i løpet av det neste året, utan at nokon vågar å stille spørsmålet om kva føremålet med dei er – bortsett frå at dei er digitale. Skulle eg satsa pengar på noko no, måtte det vore innan den såkalla edTech-industrien, for dei håvar inn som aldri før.
Det er maset deira eg vil til livs, og då tenkjer eg særleg på LMS-leverandørane. Eg trur dei fører oss vekk frå poenget, dei fører oss vekk frå den daglegdagse og naturlege bruken av digital teknologi, og leier oss inn i ei kunstig digital sky som er skapt mest for deira lommebøker og litt for skulen.
Kvifor driv me eigentleg på med dette her?
Mykje blir dermed berre digital aktivitet for aktiviteten si eiga skuld. Det er misbruk av tid og pengar, og det er å bomma på målet. Nå er ikkje dette rakettforsking, akkurat, men eg er ein av dei som trur me treng å løfta blikket mot det langsiktige, varige føremålet for norsk skule att, nemleg at elevane skal bli
gagns menneske.
Berre å nevna omgrepet får tankane mine litt meir i vater igjen. Det er jo dette det handlar om, også når me arbeider med digitale dugleikar. Som Chris Lehman sa på innleiingsføredraget på nettopp SETT: Me vil leggja til rette for at ungane våre blir samfunnsengasjerte, tankefulle, lidenskapelege og snille menneske. Det er langt viktigare enn at dei blir gode på programmering.
Sjølvsagt skal me også bruka digitale verktøy i dette arbeidet og la elevane utforska og leika seg med ny teknologi. Men i mine auge må ikkje teknologien bli målet, men nettopp verktøyet. Bill Gates har sagt det på ein god måte:
Technology is just a tool. In terms of getting the kids working together and motivating them, the teacher is the most important.
Så har tanken slått meg: Kanskje var ikkje dei yngste lærarane til stades på SETT fordi dei rett og slett ikkje treng det. Dei brukar kanskje allereie den digitale teknologien i si undervisning, på ein autentisk måte – med ei hensikt utover det reint digitale og med bruk av daglegdagse (og gratis) verktøy. Dei treng kanskje ikkje den kunstige skuleprogramvaren som kostar flesk, som krev kursing og som er utdatert før du har teke han skikkeleg i bruk.
Oppdatert: Også SETT-sjefen har same tanken: https://www.utdanningsnytt.no/nyheter/2016/november/sett-sjefen–det-dreier-seg-ikke-om-it-men-om-laring/.