Berre ti meter framover på 20 minutt! I bil! Den kenyanske trafikken er drepande for ein norsk effektivitets-nevrotikar når afrika-sola steikar, airconditionen har lagt på røyret og det ser ut til at absolutt alle andre sjåførar i nærleiken snik i køen. Var det verkeleg dette NLM sende meg ut for å vera vitne til?
Heilt vanleg stilleståande kø på Ngong Road
Eit velkjend og visstnok vakkert afrikansk ordtak seier at “Tida går ikkje, ho kjem.” Har du høyrt slikt tøv? Det er for så vidt sant at tida kjem, men ho går jo også! Alle desse dagane som kom og gjekk er jo sjølve livet? Og det var vel ikkje meininga at me skulle bruka livet på å stå stille i kø, var det vel? Ikkje reis til Afrika, er mitt råd om du vil gjera noko anna.
I slike tilfelle er det einaste fornuftige å skru på apati-modusen. Alt anna kan du skru av og gi opp. Det gjeld for så vidt mykje anna her i landet: Det nyttar ikkje å ta opp kampen.
– Sjåføren er der om ein halvtime, svarte dama på Pizza Inn då eg ringte og bestilte take-away ein ettermiddag i februar (ja, me har faktisk slike vestlege matvaner sjølv i afrikanske millionbyar). Då eg heldt på å døy av svolt ein time seinare (eg veit det er litt feil å bruka slike uttrykk i ein del av verda der folk faktisk døyr av svolt) ringte eg opp att og spurde temmeleg høgrøysta kor maten blei av. Pizza-dama forstod ikkje kva problemet var. Maten var jo på veg. Eg ville nok bli mett, meinte ho.
Mzungu! Mzungu! Nokre gonger er det slik at det er viktigare for ein kenyanar å helse på ein fjern slektning av farmor si avdøde svigerinne enn å koma tidsnok til den avtalen me blei samde om for ei god stund sidan. Relasjonen blir viktigare enn klokka. Menneske blir viktigare enn effektivitet. Å sjå kvarandre ansikt til ansikt, å få augekontakt, det trumfar alt. Er det rart det blir ineffektivt? Er det rart utviklinga stundevis ser ut til å stå stille i denne delen av verda? Uttrykket “African time” som blir brukt når folk støtt og stadig er mykje forsinka, har ikkje kome til heilt av seg sjølv.
Når eg då blir litt for brå i svara til mine afrikanske venner, står dei ofte der og smiler. Av meg. Dei smiler av oss, bleikansikta. Det er me som er til å le av.
Av og til gjer dei meir enn å le også. Kvithudene har fått eit eige kallenamn på swahili, og kjem eg litt utanfor allfarveg, høyrest både kviskring og roping: “Mzungu! Mzungu!” Ordet si opprinnelege meining er “omstreifar”, ein som virrar fort fram og tilbake (tilsynelatande utan mål og meining). Kanskje ligg det noko i det?
Men så kom hvite mann Eg tenkjer tilbake til sangstundene på Bø skule på Nærbø, der me song om Den siste mohikaner av full hals:
Prærien lå som et sted hvor man kun hadde fred Men så kom hvite mann Med kultur og forstand
Me forstod nok ikkje kva me song. Me tenkte i alle fall ikkje over om me kanskje sjølv hadde tapt noko. Kva er det som er tapt? Har me mista freden? For ei stund sidan vart eg gjort merksam på eit prosjekt frå Skottland som prøver å gjera noko med tempoet i våre vestlege kyrkjer. Målet er nok ikkje er heilt å nå dei afrikanske tilstandane, men poenget er likevel tydeleg: Me bør skifta frå å først og fremst vera effektive til å vera medmenneske, frå å tala til å lytta. Dei har kalla prosjektet Godspeed, eit ord som på engelsk eigentleg blir brukt til å ønska nokon lukke til eller Guds signing over reisa, men som også får ei dobbel meining her. Korleis er Guds tempo? Kva ville Jesus gjort?
Lågt tempo = godt tempo? Jesus gjekk til fots, han. I gangfart. Han stoppa framfor treet hos Sakkeus. Han ville lytta til Bartimeus og spurte: Kva vil du at eg skal gjera for deg?
Relasjonen er viktigare enn effektivitet. Menneske er viktigare enn økonomi. Å sjå kvarandre ansikt til ansikt, å få augekontakt, det trumfar alt. Også i klasserommet.
Faktum er at misjonsarbeid i dag skjer meir og meir på denne måten, over heile kloden. Fleire av misjonærkollegaene mine her i Aust-Afrika seier at den viktigaste oppgåva no er bøn og relasjonsbygging: Å gå rundt og snakka med folk, ta seg tid og prøva å forstå. Det er eit universelt språk som trenger gjennom, som betyr noko. Tid er ikkje pengar. Tid er venner.
Så kanskje er det det som er poenget med å stå og stanga timesvis i Nairobi-trafikken: Å læra meg ei lekse om at “African time” også er “Godspeed”, at lågt tempo kan vera godt tempo, og at meir av det eg gjer burde skje på denne måten.
Tenk deg at du er kraftig irritert på noko. Så oppdagar du at naboen din er irritert på det same. Og jammensanten er kollegaene dine også opprørte over det der, i tillegg til ein drøss av menneske på facebook. I neste sving fattar media interesse for saka, og du kjenner blodet brusa av engasjement. Du får blod på tann, som det heiter. Eller meir korrekt: Du hamnar i blodtåka.
Blodtåke er den effekta rovdyr, jegarar eller soldatar får når dei jaktar i flokk og er i ferd med å ta byttet sitt. Dei sansar ikkje noko anna, ser kun dette eine. Det blir altoppslukande, det aller viktigaste ein kan tenka seg.
– Dette er den aller viktigaste saka, stod det i ein kommentar på facebook i sommar.
Ja, det handla om bompengar.
Ingen er glad i bompengar
Dei fleste forstår at det kan vera vanskeleg når folk må tvingast vekk frå bil og over til kollektiv. Eg trur framleis eg har til gode å møta nokon som er glade i bompengar. Det er ikkje eg heller. Nå trur eg jo at det faktisk er litt av poenget – at me ikkje skal lika det og dermed køyra mindre.
Uansett: Å setja denne saka framfor både skule, eldreomsorg eller sjukehus står ikkje i stil. Når folk framleis gjer det, skuldar eg det på blodtåka, for når ein er i blodtåka, er det fort gjort å finna på tåpelege ting. (Det mest forunderlege her er kanskje at enkelte politiske parti tilsynelatande konstant er i slik blodtåke.) Når me blir litt irriterte – eller kanskje til og med rasande – kan det vera særleg sunt å ta to skritt tilbake og tenka litt, slik at prioriteringane blir riktige.
Me sit for lågt
Det er mogleg eg ser slikt på det fordi eg sit så langt ifrå, i eit land der bompengar er framandord og politikarane faktisk ER korrupte. Nokre gonger trur eg me «sit for lågt», slik ein kjenning brukar seie det. Me ser ikkje heile biletet før me kjem på avstand. På avstand er det kanskje lettare å sjå at dette langt frå er den viktigaste saka, sjølv om einskilde parti vil ha oss til å tru det.
Eg har nokre døme på andre saker det kan vere vel så viktig å gå i demonstrasjonstog for eller mot lenger ned i denne teksten. Ja, eg veit at ei arbeidslaus åleinemor på landet som må køyra ungane til barnehage i byen i eigen bil ikkje blir hjelpt berre av at nokre andre har det verre. Eg vil ikkje bagatellisera dei problema mange møter på grunn av bommen, eg ber berre om eit visst perspektiv på ting.
Engasjer deg!
For all del: Når du har tenkt litt på desse andre tinga, kan du gjerne engasjere deg i bomsaka att. Kjemp for kvardagen din, for meininga di og for rettane dine. Engasjement er bra, særleg når det er gjennomtenkt!
PS: Er du verkeleg interessert i korleis småbarnsfamiliar har det, og kjempar mot bompengar av den grunn, kan du kanskje kjempa for auka barnetrygd i staden. Eller gjere det økonomisk forsvarleg for ein av foreldra å gå heime. Berre ein tanke.
Rundt 6 prosent av norske barn blir utsatt for alvorlig fysisk vold fra foreldrene sine.
Dette er vold med et høyt skadepotensiale, det vil si at de enten er blitt banket opp, sparket, slått med knyttneve eller blitt angrepet fysisk på andre måter.
6 prosent av norske barn. Det er veldig mange. Skal en bruke denne statistikken på en klasse med 30 elever, betyr det at 2 av elevene trolig har blitt utsatt for vold med høyt skadepotensiale. Hørte jeg et «Nok er nok»?
Tallene er hentet fra en undersøkelse gjort av NOVA i 2015 blant norske 18 og 19- åringer. Der sa 21 prosent – altså mer enn en av fem – at de hadde opplevd vold fra én eller begge foreldrene i løpet av oppveksten. Heldigvis dreier dette seg for de fleste om mindre alvorlig vold, at de én eller flere ganger har opplevd at foreldrene har lugget, kløpet, dyttet, ristet eller slått dem med flat hånd, skriver Bufdir.
Men mens det har vært en nedgang i bruk av mindre alvorlig vold, har ikke bruken av alvorlig og grov vold mot barn gått ned de siste årene. Bufdir skriver videre at en kan estimere at 5 -15 spedbarn blir alvorlig skadet av såkalt Shaken Baby Syndrome hvert år i Norge, og at om lag 5 av dem dør av slike skader.
Nok er nok?
“Foruten frykten og de fysiske skadene barna kan oppleve i konkrete voldssituasjoner, kan voldsutsatte barn få vedvarende helseplager. Blant annet er det påvist at vold kan få konsekvenser for barnets nevrologiske, kognitive og emosjonelle utvikling og psykiske helse. Andre negative konsekvenser av å bli utsatt for vold og overgrep i barndommen kan være tilknytningsproblemer, sosial tilbaketrekning, søvnvansker, lærevansker, aggresjonsproblemer og angst.
Å bli utsatt for vold kan ha like store konsekvenser for fysisk helse som for psykisk helse. Det er for eksempel en betydelig høyere andel blant de som har vært utsatt for vold som oppgir å ha eller ha hatt sykdommer som astma, fibromyalgi, og kronisk bronkitt”
Kan vi gjøre noe med det? Det meste av slik vold blir utført i alkohol- eller ruspåvirket tilstand. Lettere tilgang på alkohol og andre rusmidler øker altså risikoen for at barn opplever vold. DET kan vi gjøre noe med. #nokernok
Når menneske ikkje ser anna løysing enn å flykta frå heimstaden sin og deretter bu i flyktningleirar, må dei ha hatt det grusomt der dei kom frå.
Ein flyktningleir er ikkje nokon stad å bu.
Nokre av dei største flyktningleirane i verda har kome i tilknyting til konflikta i Sør-Sudan. Etter at borgarkrigen no har vart i fem år, har 2,5 millionar sør-sudanesarar – ein tredel av befolkinga – flykta frå landet. Dei fleste leirane med sør-sudanesiske flyktningar ligg i Etiopia, Uganda og Sudan, men dei finst også her i Kenya. Ved grensa i nordvest ligg flyktningleiren Kukuma, med meir enn 125 000 flyktningar. Det er ein storby av telt.
Over halvparten av innbyggjarane i Sør-Sudan er avhengige av hjelp utanfrå for å overleva. Meir enn fem millionar menneske har ikkje nok mat, og halvparten av alle born under fem år lid av akutt underernæring.
Kva gjer me med det? Jaudå, Noreg hjelper til både gjennom bistandsmidler og støtte gjennom FN. Men bryr DU deg såpass mykje at du tenker at #nokernok?
Kjelde: Norsk Flyktningråd
– Dei styrande politikarane i Noreg har svikta småbarnsfamiliane, var det ein som skreiv på Facebook her om dagen
Sjølv om eg trur han berre snakka om nokre bomstasjonar, hadde han nok meir rett enn han var klar over.
Etter at biletet av tre år gamle Alan Kurdi dukka opp i norske aviser hausten 2015, forstod folk at krisa i Syria handlar om ekte menneske, at det faktisk finst folk der ute som er i naud. Alan drukna i Middelhavet, med skoa på.
Nordmenn mobiliserte etter det. Me viste at me kunne.
I dag er det stilt. Me har gløymt. Er krisa over?
Nei, langt ifrå. Me høyrer berre ikkje om det lenger.
Dersom du ikkje trur meg, eller om du er ein av dei som meiner at flyktningpolitikken til Frp og Høgre er ein suksess, skal du sjå denne filmen laga av Leger uten grenser frå september. Har ikkje dei som flykta frå hus, heim og familie hatt nok vondt? Nok er nok!
29.000 barn i norsk skole blir mobba to til tre ganger i måneden eller oftere. TJUENI TUSEN.
Hørte jeg noen si “Nok er nok”? Hvem gikk i demonstrasjonstog?
stå upp för hon som är varken ful eller snygg
varken tönt eller bitch
stå upp för han som är varken räka eller flodhäst
varken dvärg eller Långben
stå upp för hon som är varken Lacoste eller H&M
stå upp för dom som är varken si eller så
varken bu eller bä
men som ändå blir mobbade
bara för att barn är barn
det är bara ord
och bara på skoj
eller nått
Stå upp för de Tysta!
/Lennart Bång
Kilde: Elevundersøkelsen
Jemen er verdens verste humanitære katastrofe. Familier mangler alt – et trygt sted å være, helsehjelp, vann, mat og nødforsyninger.
På grunn av krigen er mer enn 25 prosent av barna underernærte og over 1 million barn risikerer å sulte. Millioner av barn vet ikke om eller når de får sitt neste måltid. Bare i juli og august ble 100 barn drept som følge av krigen i Jemen. (Kilde: Redd Barna 25.9.)
Saudia-Arabia og Iran har stor skyld i det som skjer. Likevel tier verdenssamfunnet. Canada er etter det jeg kjenner til sørgelig alene om å kritisere arabermaktene. Hvor er fredslandet Norge? Hva skjer med handelen vi driver med land som disse? Nok er nok!
Har du mista friheten, sier du? I tilfelle er det kanskje greit å ta noen steg tilbake og se ting i litt perspektiv.
Du trenger nemlig ikke reise mer enn to timer med fly østover fra Oslo for å lande i et diktatur. Siden 1994 har Hviterussland – et europeisk land – vært styrt av en autoritær president som bryter menneskerettigheter i fleng, blant annet gjennom valgfusk og fengsling av politiske motstandere.
For omtrent ti år siden intervjua jeg opposisjonspolitikeren Alyaksei Shein. Allerede den gangen hadde han vært fengsla flere ganger, noen ganger tilsynelatende uten grunn, men mest sannsynlig var det fordi han var en av grunnleggerne bak det hviterussiske opposisjonspartiet BCD og gjorde flere forsøk på å få partiet registrert på lovlig vis. Jeg har også møtt andre hviterussere som har vært i fengsel flere ganger bare for å være medlemmer av andre politiske parti enn president Alexandr Lukasjenkos kommunistparti, eller fordi de møttes til kristne møter utenfor et godkjent menighetshus.
Men det er av og til langt mindre som skal til for å havne bak murene i dette europeiske landet. Da et svensk PR-byrå sørget for en flydropp over Hviterussland med bamser påklistret budskap om ytringsfrihet, publiserte fotograf Anton Suryapin bilder av bamsene på nettsiden sin. For dette ble han satt i fengsel, og det tok nesten ett år før han slapp ut igjen.
Vi trenger ikke å skrive om dette i preteritum. Lukasjenko fortsetter å undertrykke folket sitt i dag. Journalister som kritiserer risikerer å bli innkalt til «forebyggende samtaler» og bøter på 3-400 euro, som tilsvarer en hel månedslønn. Kritiske nettsteder og blogger blir stengt. Demonstrasjoner mot diktatoren blir brutalt slått ned, slik det ble gjort i stor skala senest i mars. Som i Norge går mennesker i tog for å protestere mot det de er uenige i, den store forskjellen er at mennesker i Hviterussland – vårt nabolag – demonstrerer for meningsfrihet og ytringsfrihet, og de risikerer å havne i fengsel, få gigantiske bøter eller miste jobben når de gjør det.
I år er det hundre år siden den hviterussiske republikken ble opprettet. I kun fire av disse årene, mellom 1991 og 1995, har innbyggerne opplevd et reelt demokrati. Nok er nok! La oss ikke glemme våre europeiske naboer. La det hviterussiske regimet merke at verden bryr seg. #nokernok
Mange er veldig uenige med meg i det eg no skal ta opp. Men eg kan ikkje teie stilt av den grunn, om det enn skulle vekkja reaksjonar.
I 2005 skreiv eg om abort i eit ungdomsblad eg var redaktør for. Det førde til at ein prest melde meg til barneombodet med bekymring for at eg kunne påføra ungdom psykiske problem ved å ta dette opp.
“En slik fundamentalisme som kommer til uttrykk i dette bladet er meget farlig. Disse ordene kan få store konsekvenser for livet til ungdommen. De tror jo på det de leser”, sa sogneprest Grete Hauge i Pauluskirken i Oslo til VG som laga eit oppslag om saka.
Eg brukte kanskje litt for sterke ord, og burde nok teke meir omsyn. Men uansett kor forsiktig ein går fram, er abort aldri så lite tabubelagt og vanskeleg å debattera. Ein må balansera omsynet til mor med vernet av barnet i magen. Det hindrar oss ofte i å seie direkte kva dette handlar om.
Det er eit faktum at den genetiske koden vår blir til i befruktingsaugneblinken og at utviklinga av eit nytt individ tek til i den augneblinken. Det kan ikkje diskuterast. Eg kan ikkje skjøna anna enn at i den same augneblinken må me kalla dette eit menneske, og eit menneskeliv skal me verna om det er fødd eller ikkje. Kor skal me elles setja grensa for når menneskelivet startar, og me ikkje gjer det ved befruktninga?
Debatten dei siste månadene har nettopp vist at om me ikkje tek det frå starten, kan grensa for abort skyvast lenger og lenger. Fleire ungdomsparti har foreslått å endra grensa for fri abort, nokre til veke 16 (Sosialistisk Ungdom) eller veke 18 (AUF og FpU), andre heilt til veke 24 (Unge Venstre).
Desse forslaga kjem sjølv om ein veit at helsepersonell på norske sjukehus no kan redde ungar som er fødde heilt ned i veke 21. Korleis kan ein då seie at dette ikkje er menneskeliv? Meiner desse ungdomspartia verkeleg at born som kan overleva sjølv utanfor morslivet, som sjølv kan pusta, føla og tenka – skal kunne takast livet av?
“Dette meiner du berre fordi du er ein konservativ kristen”, seier nokre. Kanskje det, men argumentasjonen min er ikkje henta frå Bibelen. Eg har heller ikkje vist til kristen tradisjon eller etikk. Det går an å meina dette, botna i rein fornuft og logikk.
I 2017 vart det gjennomført 12 733 abortar i Noreg. I tillegg kan det vera store mørketal på grunn av prevensjonsmiddel som på sett og vis også tek livet at ei befrukta celle.
Nå har du kanskje blitt rasande på det eg skriv. Det er faktisk mange som blir veldig, veldig sinte på grunn av dette, kanskje fordi dette pirkar i samvitet deira.
Men om du er ueinig i abortstandpunktet, håpar eg at du er einig i at dette er noko me bør snakka meir om – meir respektfullt om. Spør du meg, er dette ein viktigare sak enn mykje av det andre som får store mengder spalteplass i norske media for tida.
Så kan eg ikkje skriva om dette utan å stille spørsmålet: Kvifor vel nokre kvinner abort? Om me seier me er imot, må me også leggja til rette for at det skal vera enklare å bera fram ein unge som kanskje ikkje var planlagt, anten det handlar om økonomi, helse, sosiale stigma eller andre ting.
Eg gjekk til topps på Mount Kenya her om dagen. Joda, det var ei god oppleving å gå rundt på det høgste fjellet her til lands. Fint å nå toppen, meistringskjensle og alt det der.
Men det var bittelitt kjipt likevel. Éin sak er det at toppen som heiter Point Lenana ikkje er Toppen. Det er faktisk to toppar på Mt Kenya som er høgare enn denne. Endå verre er det at Point Lenana er på 4985 meter. Er du frå Sandnes kommune og dermed har vore innom litt russisk matematikk, tek du kjapt i hovudet at det er fattige 15 meter frå 5000. Same kor mykje du strekkjer halsen der, sprett opp og ned eller byggjer tårn med lavastein kjem du ganske enkelt ikkje dei 15 metrane opp til 5 kilometer.
Det der har faktisk vore litt bittert.
Det er no eg byrjar å filosofere litt. Spørsmålet er jo kvifor akkurat 5000 meter hadde vore så stas. Må det vere runde tal, liksom? Og eg har jo vore mykje høgare enn dette før. Kvar gong eg tek fly er eg vel på rundt 30 000 fot. Minst.
No tenkjer du kanskje at poenget var at eg klatra opp heile denne vegen. Men det gjorde eg jo ikkje. Ein gjer vel sjeldan det når ein er på fjelltur, startar på null og går heilt opp? Denne gongen starta me heilt oppe på 3300 meter. Det er jo heilt drøyt, eigentleg. Klatra berre 1685 meter. Det er jo ikkje så høgt.
Så den 5000-grensa blir litt tilfeldig, om du skjønar? Me kunne like godt ha blitt kjørte til siste hytta på 4200? Eller teke helikopter til toppen?
No er det ikkje så bittert med dei 15 metrane lengre/lenger. No er heller spørsmålet kva det eigentlege poenget med å klatre høge fjell er.
Ordfører i Gjemnes kommune Odd Steinar Bjerkeset og samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen. Foto: Samferdselsdepartementet via Flickr (CC-lisens)
Før hata vi å stå i kø på motorveien og i Sandnes sentrum. Nå hater vi bare bomringen.
Tenk at det er noen som vil gjøre det verre for oss bilistene. Det er for å få ned biltrafikken, sier de. Men de har ikke forstått noen ting: For å få vekk køene, må vi gjøre det enklere å velge bilen. Vi må bygge flere veier. Uten bommer.
Vi vil velge selv, og hvem i all verden vil velge å betale bompenger når de kan velge å ikke betale det? Jeg vil mye heller velge halve dagen i kø, få hengemage, puste inn smog hele døgnet og bruke en formue i drivstoff enn å velge bort bilen min. Den var jo så dyr. Og nå skal jeg betale enda mer for å bruke den. Tenk: Betale til fellesskapet for å bruke min bil!
Jeg hater bomringen og politikerne som har bestemt at den skal komme. Hvis bare FrP hadde samferdselsministeren. Og finansministeren. Eller hvis Borgli var ordfører eller noe sånt. De hadde kommet på noe mye bedre.
Jeg hater bomringen. Og jeg hater demokratiet som legger regjeringen vår i lenker. Vi stemte dem inn for å få vekk bompengene og ned de forferdelige bensinprisene. I stedet er det sosialistene som får viljen sin. De er idioter, alle sammen, bortsett fra Wirak (som vi hater å elske). Selv dattera mi på to år forstår det at det er dumt å betale for noe man ikke vil (Hun vil helst ha godteri på blå resept).
Vi vil velge selv. Og hvem vil velge å betale skatt når de kan velge å ikke gjøre det? Selv om sosialistene elsker å betale skatt, er det ikke sikkert alle andre gjør det. De bare elsker å plage oss. Sadister.
Jeg hater bomringen. Og sosialister. De vil ha oss til å ta bussen sammen med muslimene. Eller sykle. Noe så simpelt. Hvordan skal jeg da få vist de andre hvor hvit og vellykket jeg er? Nei, ingenting er vel så deilig som å trekke inn blandingslukta av nyvaska bilkupé og eksos mens jeg kjører ut for å lufte bikkja.
Det er et ran! Som om det ikke var dyrt nok å eie Lexus allerede! Ingenting er vel mer usosialt enn å la oss som kjører bil få svi for at flere skal velge kollektiv og sykkel. Det er ingen som egentlig vil velge sykkel eller kollektiv, sånn egentlig. Hva har det uansett med oss å bilister gjøre? For å redde miljøet? Ha! Mine utslipp er som en fis i havet. Dessuten er det mange andre som er verre enn meg. Alle skipene inn Gandsfjorden, for eksempel. De kunne mye heller betalt bompenger.
På toppen av alt har jeg lest på resett.no at det er fake news at klimaendringene er menneskeskapte. Hvis bare Norge kunne gått sammen med Trump og de, da hadde kanskje folk uflest forstått, de også.
Jeg hater bomringen, som kommer til å kvele handelen i byen min. Butikkene kommer til å dø når folk flest tar bussen dit. En kan jo ikke kjøpe for eksempel sofa i Sandnes sentrum og ta med på bussen. Eller hva med de som skal levere i barnehagen i Sandnes sentrum? De mange barnehagene innenfor ringen kommer uten tvil til å dø.
Jeg elsker å hate. Jeg hater mas om miljøet, EU, asylsøkere, syklister og røykeforbud (og litt homofile også, men det er ikke lov å si). Men aller mest elsker jeg å hate bomringen. Den gjør meg så engasjert. Den får meg til å føle meg levende. Bomringen får oss hatere til å stå sammen, til å gå i flokk. Ikke som de der kommunistene, som bare tenker på sitt eget.
Jeg hater bomringen. Og det er gøy å hate. Særlig når man gjør det sammen med noen.
Lik (evt hat) og del!
No må det vel snart vera slutt med alt maset om digitalisering og innovasjon i norsk skule. Det er på tide å utvikla gagns menneske igjen.
Denne veka har eg vore på SETT-konferansen, ei samling om innovasjon og teknologi i skule og barnehage. Tanken var sikkert å inspirera til auka bruk av IKT, men sant å seie verka det nesten motsett for min del. Eg har gått litt lei. Lei av flotte formuleringar om innovativ eller adaptiv programvare som vert oppdatert i sanntid i ei eller anna sky. Lei av peset om å alltid, i alle samanhengar bruka noko fancy og webbasert dilldall som eigentleg ikkje fører til meir læring, men berre er digitalt og dermed heilagt.
Digital innvandring gir digital avgudsdyrking
I mine auge verkar det som om det er særleg ei gruppe menneske som skil seg ut i digital-dyrkinga. Og det er ikkje ungdommen. Eg har ikkje statistikk på dette, men eg vil tru at det var svært få deltakarar under 30 år på SETT. Litt rart, eigentleg, for ein skulle jo tru at dei unge lærarane skulle vera mest interesserte i dette her. I staden er det menn og kvinner på 40+ som går igjen. Dei er menneske som enno hugsar den analoge tidsalderen og som dermed synest at alt digitalt er aldeles magisk og fantastisk. Difor heng både tunge og sikkel ut av munnen deira berre du nevner uttrykk som «samarbeid i skya» eller «digital ringperm».
No er eg på sett og vis glad for det, for dette er dei same godt vaksne menneska som no er rektorar og skulesjefar, og som dermed har ein del dei skulle ha sagt når budsjetta skal leggjast. Det er nemleg viktig med teknologi i skulen, at ungane får ta på og kjenna på kvar sine dingsar og at 1:1 vert prioritert frå statleg hald. Men når eg her er litt kritisk til digital-dyrkinga, handlar det om at millionar av kroner vert brukt på digitale våseprogram som er utdaterte i løpet av det neste året, utan at nokon vågar å stille spørsmålet om kva føremålet med dei er – bortsett frå at dei er digitale. Skulle eg satsa pengar på noko no, måtte det vore innan den såkalla edTech-industrien, for dei håvar inn som aldri før.
Det er maset deira eg vil til livs, og då tenkjer eg særleg på LMS-leverandørane. Eg trur dei fører oss vekk frå poenget, dei fører oss vekk frå den daglegdagse og naturlege bruken av digital teknologi, og leier oss inn i ei kunstig digital sky som er skapt mest for deira lommebøker og litt for skulen.
Kvifor driv me eigentleg på med dette her?
Mykje blir dermed berre digital aktivitet for aktiviteten si eiga skuld. Det er misbruk av tid og pengar, og det er å bomma på målet. Nå er ikkje dette rakettforsking, akkurat, men eg er ein av dei som trur me treng å løfta blikket mot det langsiktige, varige føremålet for norsk skule att, nemleg at elevane skal bli
gagns menneske.
Berre å nevna omgrepet får tankane mine litt meir i vater igjen. Det er jo dette det handlar om, også når me arbeider med digitale dugleikar. Som Chris Lehman sa på innleiingsføredraget på nettopp SETT: Me vil leggja til rette for at ungane våre blir samfunnsengasjerte, tankefulle, lidenskapelege og snille menneske. Det er langt viktigare enn at dei blir gode på programmering.
Sjølvsagt skal me også bruka digitale verktøy i dette arbeidet og la elevane utforska og leika seg med ny teknologi. Men i mine auge må ikkje teknologien bli målet, men nettopp verktøyet. Bill Gates har sagt det på ein god måte:
Technology is just a tool. In terms of getting the kids working together and motivating them, the teacher is the most important.
Så har tanken slått meg: Kanskje var ikkje dei yngste lærarane til stades på SETT fordi dei rett og slett ikkje treng det. Dei brukar kanskje allereie den digitale teknologien i si undervisning, på ein autentisk måte – med ei hensikt utover det reint digitale og med bruk av daglegdagse (og gratis) verktøy. Dei treng kanskje ikkje den kunstige skuleprogramvaren som kostar flesk, som krev kursing og som er utdatert før du har teke han skikkeleg i bruk.
Oppdatert: Også SETT-sjefen har same tanken: https://www.utdanningsnytt.no/nyheter/2016/november/sett-sjefen–det-dreier-seg-ikke-om-it-men-om-laring/.
«De som gikk til valg på å ikke innføre eiendomsskatt vant valget i fjor,» slår varaordførar Pål Morten Borgli fast på Facebook. Har han då heilt gløymt «Sandnesnasjonalismen»?
Den første logoen til nei-aksjonen kunne tyda på at ein spelte sterkt på sandnesnasjonalismen og mindre på faktisk politikk. Aksjonsgruppa vart seinare nekta å bruka kommunevåpenet i logoen sin.
Midt i valkampen for litt over eitt år sidan sende eg eit lesarinnlegg til Aftenbladet. Det handla om at det fanst viktigare saker å diskutera i valkampen enn kommunereforma. Eg var faktisk så tabloid at eg påstod at kommunereforma var den minst viktige saka i valkampen, ettersom alle parti hadde varsla at dei ville følgja resultatet av ei folkeavstemming uansett.
Innlegget mitt kom aldri på trykk. Aftenbladet køyrde då sak på sak om kommunesamanslåing, og svært lite om andre viktige saker for kommunen, som for eksempel økonomi, skule og barnehage. Då passa det kanskje dårleg med eit innlegg som handla om noko heilt anna?
I dag ser me at dei økonomisk vanskelege tilhøva i byen vår rammar svært mange. Jovisst handlar dette i stor grad om nedtur i oljeindustrien, men dette såg me då verkeleg konturane av også for eitt år sidan? Kvifor snakka me så lite om det i valkampen, då?
Og kvifor snakka me så lite om skule, om låneopptak og korleis me kunne skape eit varmare samfunn? Eg stilte spørsmåla i mitt innlegg, men fekk aldri svar:
Har vi tatt debatten om hva vi skal prioritere i skole og barnehage? Vil vi flytte ressursene til de laveste alderstrinnene i såkalt «tidlig innsats», slik at kunnskapshull blir tetta allerede de første skoleårene – eller skal vi ikke? Hva gjør det med kommuneøkonomien vår at vi tar opp store lån for å gjøre investeringer, samtidig som vi skal starte 61 nye heldøgns pleieplasser? Må vi kutte andre steder når kommunen ikke får nye inntekter andre steder fra? Og hva gjør vi i vår kommune i møte med flyktningene fra Syria? Hva bystyrerepresentantene svarer på disse spørsmålene er langt viktigere enn hva de måtte mene om kommunereformen, ettersom sistnevnte altså langt på vei avgjøres av innbyggerne i folkeavstemning likevel.
Noen sier at KrF taper ved å ha en slik holdning. Det får så være. For oss er det viktigste å slåss for et bredt og godt tjenestetilbud i kommunen, og samtidig sørge for at innbyggerne får vite det de trenger for å ta avgjørelser på vegne av kommende generasjoner.
Arbeidarpartiet og FrP gjorde eit svært godt val i Sandnes i fjor. Eg trur først og fremst det skuldast at dei slapp å svare på spørsmål om økonomi og prioritering – om faktisk politikk – men i staden kunne gøyma seg bak Sandnes-patriotismen.
PS: Eg stemte og mot kommunesamanslåing til slutt.
Eg har visst teke grundig feil i fleire år. Det viser seg at styringspartia i Sandnes er ufeilbarlege.
Etter å ha gått nøye gjennom argumentasjonen til Ap, Sp og Frp i Sandnes dei siste åra, har det endeleg gått opp eit lys for meg. Dei har jo hatt rett i alt heile tida, og sanninga er enkel:
Her i Sandnes sløsar me for mykje. Det er difor me må effektivisera.
Berre litt for mange tilsette Men her må ingen tru at politikarane skuldar på dei tilsette. Som dei styrande har sagt gong etter gong: Dei tilsette gjer ein kjempejobb. Problemet er at det er altfor mange av dei. Me kan jo ikkje ha folk som driv dank, heller.
No er det vel ingen som har sett at nokon driv dank, akkurat, men det som er heilt sikkert er at det har gått altfor mykje pengar til barnehage, skule, rusmiddelomsorg og eldreomsorg som det har. Slike ting, eller eigentleg slike menneske, er jo ikkje så viktige. Jammen godt nokon sette på handbrekket.
Difor må eg gå i meg sjølv og innrømma at det har vore frykteleg uansvarleg av oss i KrF å kritisera budsjetta år etter år. Det er jo dei som har styrt som verkeleg har vore ansvarlege og teke tak det der har vore naudsynt. Dei har vore som vaksne folk, medan me i opposisjonen har vore sutrete småungar som berre vil ha meir, meir, meir! Godt at Ap, Frp og Sp framleis vil halda fram med å stoppa pengesløseriet.
Lev i nuet! Me har dessutan mast om framtida og om at me må sjå mange år framover i tid. Det er nesten pinleg å innrømma kor tåpelege me har vore. Det er jo ikkje framtida me har ansvar for som politikarar; Det er notida! Problema i framtida får andre ta seg av.
Difor er det ingen vits i å tenkja på dagens kvalitet heller. Det er mykje viktigare at det er fred og ro politikarane imellom. Alle må jo forstå at det er betre at Borgli og Wirak forblir venner enn at kommunen får fleire pengar og innbyggjarane får eit betre tenestetilbod.
Det må altså effektiviserast. Og endeleg har også eg forstått korleis det må gjerast.
Me gjer som Robin Hood, berre omvendt.
Ein enkel sak Genistreken går ut på at me tek frå dei små og dei svake som ikkje forstår noko likevel. Kva forstår vel ein førsteklassing som slit med skriving og lesing av at me tek frå han ein lærar eller to, eller fjernar lesekurset. Lett! Så lar me dei som har jobb, hus og evne til å stå på sjølv sleppa unna alt som måtte vera av ekstra utfordringar. Då slepp me som politikarar alt maset deira. Det er difor me let Sandnes Ulf få det akkurat som dei vil. I tillegg får me sett Sandnes på kartet, og det er jo nesten viktigare enn absolutt alt anna.
For det er som kjent riv ruskande gale i 2016 å tenkja at folk i Sandnes vil betala skatt. Haha! Det er vel ingen som vil betala skatt! Eigentleg burde me ha kutta ut all skatt no om dagen, folk har det jo vanskeleg nok som dei har det i desse nedgangstidene. Så kan dei som vil heller sjølv sørga for skular, eldreomsorg, rusomsorg og barnehageplassar. Då kunne me jo lagt ned heile kommunen også – tenk kor mykje pengar me då hadde spart!
En fri gjengivelse av ordskiftet i dagens bystyremøte om ekstrabevilgninger til Sandnesskolen. Med andre ord: En farse i åtte deler
Opposisjonen: Skolene i Sandnes trenger mer penger, det er nok kutt nå. Posisjonen: Dere snakker skolen ned!
Opposisjonen: Alle skolene melder tilbake at dagens situasjon er kritisk, særlig for de mest sårbare elevene. Posisjonen: De ansatte gjør en kjempejobb!
Opposisjonen: Ved å kutte mer i skolen, fører det til mer spesialundervisning fremover. Posisjonen: Opposisjonspartiene sier bare dette fordi de ønsker å bli populære!
Opposisjonen: Skolene i Sandnes tåler ikke flere kutt. Posisjonen: Dere snakker Sandnes ned! Vi har satt byen på kartet!
Opposisjonen: Om vi ikke legger inn flere penger, blir viktige lesekurs kutta ut. Posisjonen: Vi har fått full sykehjemsdekning!
Opposisjonen: Tidlig innsats for de som trenger det mest, lønner seg på sikt og gir et bedre liv for de det gjelder. Posisjonen: Vi skårer jo OK på nasjonale prøver!
Opposisjonen: Å prioritere penger viser hvilken retning vi ønsker å gå i. Posisjonen: Det er viktig at vi står samla om dette!
Opposisjonen: God dag, mann. Posisjonen: Økseskaft!
Mens elever i nabokommunene får utdelt hver sine Chromebooks og iPads, sitter ungdommene i Sandnesskolen igjen med noen timer i uka på felles datarom.
Opprop på oppslagstavle i Berlin 2016
«There is no digital strategy anymore, just strategy in a digital world», sa mediedirektøren for IKEA i Nord-Amerika, Alia Kemet, da spørsmålet om firmaet burde satse digitalt kom opp. Sitatet har blitt stående som en beskrivelse av hvor viktig det er for bedrifter å være til stede i det digitale, både på nett og mobil. Å ikke satse digitalt er rett og slett ikke et valg lenger.
Årsaken er åpenbar: Mennesker i den vestlige verden omgir seg med teknologi gjennom hele døgnet, både i jobb og hverdagsliv. Utviklingen skjer ufattelig fort. Vi skal ikke lenger enn to år tilbake for å finne en tid der “vippsing” var umulig, mens Pokemon Go var helt ukjent bare for noen måneder siden. Bedrifter og forretninger legger om i tråd med nye behov, og selv de trauste og grå kommunene har for lengst opprettet både Instagram- og Snapchat-kontoer.
Framtidens ferdigheter for framtidens jobbmarked Utviklingen går raskt, og framtidsforskere mener at om 20 år vil halvparten av oss arbeide i yrker som ikke finnes i dag. Vi skal altså forberede elevene våre på et arbeidsmarked og et samfunn vi ikke vet hvordan kommer til å se ut. Det eneste som er sikkert, er at teknologi kommer til å spille en viktig rolle.
Dersom vi ser på Sandnesskolen i denne sammenhengen, er resultatet trist. Sandnes har gode og viktige satsinger på matematikk, vurdering for læring og klasseledelse, men det digitale perspektivet er helt borte. I kvalitetsmeldingen for Sandnesskolen som i disse dager legges fram for bystyret, er det digitale ikke nevnt med et ord. Det er heller ingen av de andre kompetansene det mye omtalte Ludvigsen-utvalget mener er viktige for framtida, slik som kompetanse i å kommunisere, samhandle og delta. Dette er kompetanser der digitale verktøy gir uante muligheter.
At Sandnesskolen sakker akterut blir særlig tydelig når skoler i mange av nabokommunene opplever starten på den største revolusjonen i skolen siden tavlene ble tatt i bruk på midten av 1800-tallet. Bare tenk på hva som kan skje i Gjesdal kommune, der politikerne dette skoleåret, på tross av stram kommuneøkonomi, ruller ut over 1700 digitale enheter til sine elever, rundt en sjudel av kommunens innbyggere. Det er en storsatsing, men så sier det seg også selv at disse elevene får bedre forutsetninger for å tilpasse seg framtidens arbeidsmarked enn jevnaldringer rett over grensa til Sandnes, som knapt får sett, langt mindre tatt på en datamaskin i løpet av skoleuka. Sandnesskolen har havnet i den digitale bakevja.
En grunnleggende kompetanse – i dag Selv om Ludvigsen-utvalget slår fast at digitale ferdigheter er helt avgjørende i framtidens arbeidsmarked, er disse ferdighetene allerede i dag definert som grunnleggende. Sandnesskolen er derfor forpliktet til å undervise i digitale ferdigheter – i alle fag.
Én utfordring er den ulike kompetansen lærerne har på dette området. Dersom skolen skal tilpasses samfunnsutviklingen, må det skje noe med måten vi legger opp undervisningen på. Det krever en ny pedagogikk og ny kompetanse også hos lærerne. Det blir trolig den minste utfordringen, for slike ting tar pedagogene på alvor, om de får muligheten til det.
En forutsetning for å gi god undervisning i digital kompetanse er nødvendigvis at elevene selv får ta i bruk ny teknologi og digitale læremidler. Det er her vi kommer til utfordringen som særlig Sandnesskolen vil slite med. Når det gjelder digital satsing, er det nemlig store sprik mellom Rogalands-kommunene. Med elev-briller kan vi gjerne kalle det for urettferdighet. For mens elever i Randaberg, Sola, Time, Hå, Gjesdal og nå altså Stavanger får utfolde seg på hver sine duppeditter i nær sagt alle skoletimer, må Sandnes-elevene dele på en håndfull maskiner per klasse kanskje så lite som et par timer i uka.
Situasjonen i Sandnes hadde kanskje ikke vært så ille dersom man hadde en plan for forbedring. Men i Sandnes finnes ingen strategi for å heve den digitale kompetansen i skolen. Det er et sort hull, og selv om kommunaldirektøren har sagt at det kanskje kommer en strategi rundt juletider, vet vi lite om hva den vil inneholde. Det er med andre ord et stykke fram til det som er Randabergskolens visjon for bruk av IKT: “Jevn og hverdagslig bruk av IKT er den beste IKT-opplæringen elevene kan få.”
Et godt økonomisk grep?
Hva med økonomien, tenker mange. Skal vi virkelig prioritere elektroniske duppeditter foran tidlig innsats og tilrettelegging? Det gir ikke mening å sette disse opp mot hverandre. I en tid med økonomiske nedskjæringer burde slike verktøy tvert imot vært sterkt vurdert, fordi digitale verktøy gjør det enklere for få lærere å drive god undervisning. Som politikerne i førersetet i Sandnes bystyre så ofte formulerer det: Det handler om effektivisering, om å gjøre like mye eller mer for mindre penger.
Med ny teknologi kan vi løse oppgaver enklere, og bruke mindre tid og energi på flere operasjoner, også i klasserommet. Dermed kan vi også skape nye typer læreprosesser med de digitale tjenestene.
En får bedre tilpasset undervisning på en rimelig måte, fordi teknologien gir muligheter til å ta i bruk adaptiv og rimelig programvare. En annen grunn er at teknologien gjør det mulig for elevene å få en rask og tydelig tilbakemelding på arbeidet de gjør, blant annet gjennom spillbasert oppgaveløsning. Det fører igjen til økt motivasjon. Man tror faktisk at ny teknologi i seg selv virker motiverende, fordi elevene da får ta i bruk verktøy de kjenner fra dagliglivet og som oppleves relevant. Som om ikke det er nok, virker en slik satsing også sosialt utjevnende da den omfatter alle elever. Ikke alle har PC hjemme eller en egen smart-telefon, men fra nå av stiller de likt i klasserommet.
Og er det også mulig å stille spørsmålet om kommunene – deriblant Sandnes – faktisk kan spare penger på satsingen, fordi det vil frigjøre mange av de gamle datarommene, og dermed spare kommunen for tunge og kostbare investeringer i nybygg eller ombygginger med økte elevtall?
Sandnes kommune har en ung befolkning, med en høy andel av kommunens innbyggere i skolealder. Det er ikke uten grunn at slagordet for kommunen er “I sentrum for framtida”. Det er et flott og visjonært slagord, men dersom skolen i den samme kommunen skaper tapere i fremtidens jobbmarked, blir slagordet meningsløst og ironisk. Sandnesskolen trenger en digital månelanding, og det er politikernes ansvar å få det til å skje. Det er ikke rettferdig at Sandnes-elevene skal havne nederst på lista bare fordi de havnet i en kommune som ikke tok framtida på alvor.
En forkortet utgave av denne teksten står på trykk i dagens utganve av Stavanger Aftenblad (5. oktober 2016).
Eg har ikkje vore så mange åra i skulen, men i løpet av tida eg har vore der, har eg møtt fleire som slit med å endra sin undervisningsstil i takt med nye trendar og teknologiar.
Kor fort går det eigentleg?
«Endringane i skulen skjer så altfor fort», seier nokon. På eitt vis har dei rett, for skulen står for augneblinken midt i ein revolusjon. Medan resten av verda allereie har kome seg gjennom IKT-revolusjonen og har endra seg i takt med både web 1.0 og 2.0, må skulen no ta seg av begge deler i ei og same vending.
Endring har med andre ord skjedd ganske treigt i skulen. Den siste verkelege revolusjonen i skulen kom ved innføring av tavle- og klasseromsundervisning på slutten av 1800-talet, og heilt sidan den gongen har me vore vane med den måten å gjera det på. Det vil seie at dei fleste av oss som er lærarar i dag er digitale innvandrarar. Då me tok vår utdanning, såg me for oss å arbeida i ein skule som er lik den me sjølv gjekk i, der rein kunnskapsoverføring frå lærar og bok til elev er normalen. Kanskje er det grunnen til at nokre av oss har problem med å «snu skuta» mot andre måtar å gjera det på?
Er dette grunnen til at det tilsynelatande er svært vanskeleg å få skulen til å endra seg på ein samla og god måte? Betyr dette at å arbeida med endring i skulen vil vera som å slåss mot vindmøller?
Tilfeldig opplæring i digitale ferdigheiter
No er det digitale samfunnet blitt ein del av røynda vår. Alle lærarar må vera digitale lærarar, sjølv om det er svært ulikt korleis ein løyser det oppdraget. Det skjer nemleg ei grad av privatisering av korleis undervisninga føregår og i kva grad ny teknologi blir tatt i bruk. Dermed er det også nokså tilfeldig kva digital opplæring ungane vår får. Når du tenkjer over det, er det ganske utruleg at det er lov at borna våre sin digitale kompetanse blir forma ut frå kva den enkelte læraren kan.
Difor er me mange som meiner at noko må gjerast for å få opp endringstakta i den norske skulen når det gjeld digitale dugleikar. Nokre vil ropa at det må lagast nasjonale retningslinjer for kva elevane skal læra av digitale dugleikar. Eg trur ikkje det utan vidare er ein god ide. Så lenge endringane i dei digitale tenestene skjer så fort, vil eit sett med retningslinjer fort bli utdaterte og meiningslause.
Skuleleiinga må ta grep
I staden meiner eg at skuleeigarar og skuleleiarar må ta tak i det som faktisk ligg som ein rammeverket for læreplanen. Eg meiner det er tre viktige grep skuleleiinga kan ta:
grunnleggjande dugleik i
Først og fremst må skuleleiarane løfta opp behovet for ei slik opplæring i skulen, gjennom m.a. å peika på kva som vil vera 21st century skills. Om alle ser behovet, vil det vera enklare å få alle med seg på løysinga.
Deretter må bli ein del av strategiplanen for den einskilde skulen å heva ferdigheitene til alle lærarane på dette området. Det kan vera mange måtar å løysa dette på, men å la alle gjennomføra ein MOOC som til dømes Smart Læring, vil kunna vera eit godt utgangspunkt.
Til slutt er det viktig at alle lærarar blir gitt tid til å læra seg og utvikla seg innan dette fagfeltet. «Det er så mange ressursar der ute at det vil ta altfor lang tid å få oversikt. Difor let eg det heller vere,» seier nokon. Lærarar treng og tid på å læra. Dei treng tid til å sjå nytta, skapa tryggleik for seg sjølv i arbeid med dei “digitale” dingsane og til å få overblikk over kva som fungerer «for meg».
Heilt til slutt: For skulen i Noreg er det avgjerande med leiarar (og lærarar) som er villige til endring. Samfunnet endrar seg fortare enn nokon sinne – og då må skulen følgje med.
«Når forandringens vind blåser, kan man velge å bygge levegg – eller vindmølle.»